Me oppfyller alle krava.

Nøgde elevar er vårt mål!

Her kan du lesa kva Statens Vegvesen ynskjer at du skal sjekka i 8 punkt hos ein trafikkskule!                         Svara våre er i utheva kursiv skrift, me ber deg sjekka dette før du vel trafikkskule…

1.Bruk www.vegvesen.no og sjekk om trafikkskulen er godkjent.                                          

Der finn du oss.

2. Spør om å få sjå ein plan for opplæringa.                                                                                                             

Alle våre lærarar har den med seg oppdatert på Ipad.

3.Undervisningstida skal nyttast       effektivt.                                                                                                                  

Læraren gir deg status på kor langt du er komen og du får også «heimelekse» enten i form av teori eller praktisk øving om du har mogeligheita til det.

4.Spør trafikkskulen om dei har eit eige opplegg for privat øvingskøyring.                                                          

Ta gjerne føresette/den du øvingskøyrer med på timane, på den måten kan me som lærarar kommunisere innhald, mål og undervisningsmetodar på ein måte som gjer at du vil få større utbytte av den private øvinga.

5.Sjekk om skulen har eit kontor med betjent kontortelefon.                                                                                                                                                    

Godkjente trafikkskular skal ha kontortid og et telefonnummer du kan ringe. Hos oss er kontoret ope til din service måndag til og med fredag 08.30 – 16.00. Og kontortelefon er 534 11 955 der treff du vår hyggelege kontoransvarlege Reidun.  Unngå skular som nyttar seg av mobiltelefon som blir svara medan dei sitt i skulebilen.  

6. Billigast er ikkje nødvendigvis best.                                                                                                                                                                  

Me er ikkje den billigaste skulen, men me har god elevtilgang…og det ser me som eit kvalitetsstempel. .

7.Bytt trafikklærar eller trafikkskule dersom du ikkje er nøgd.                                                                               

Me tek alle elevar på alvor og opplever svært skjeldan at nokon vil bytte frå vår skule, men me får mange frå andre skular. Me er mange lærarar som du kan velja mellom og Faglig Leiar Per Ove Sercan Husevik er alltid tilgjengeleg for deg. Me har også ulike typar bilar frå lave sportslegetypar til SUV, dette gjer at du vil finne ein type bil som høver deg. Skulle du ha behov for automatgir har me også slike køyretøy.  

8.Meld frå til Statens vegvesen dersom du er usikker på  om opplæringa du får.                                                                                                                                                                    

Me opplyser deg om dine rettigheiter ved start av opplæringa, det er svært viktig for oss at du er kjend med både pliktar og rettigheiter du har som kunde hos oss.

Lykke til med trafikkopplæringa.